Handlingsrettleiaren- eit arbeidsverktøy
BTI modellen er ein rettleiar for korleis du som tilsett skal arbeide med gravide, barn, unge eller familiar du har ein bekymring eller undering for. Den viser gangen frå bekymring til handling.
Modellen består av fire nivå:
Nivå 0: Undring. På dette nivået kan du avklare om det er grunn til bekymring.
Nivå 1: Interne tiltak. Her etablerer du samarbeid med familien og sett i verk tiltak i eigen eining.
Nivå 2: Samarbeid med andre tenester. Ein eller to hjelpetenester kjem inn i samarbeidet.
Nivå 3: Samarbeid med fleire tenester. Omfattande tverrfagleg samarbeid.
Medverknad frå barnet og familien er sentralt i alle nivå av modellen. Barnet og familien skal ALLTID medverke i eigen sak.